Andre Krønikebok 11:10
Og dette er dei gjævaste kjemporne hans David, som gav honom kraftig hjelp, i lag med heile Israel, til å verta konge, til å gjeva honom kongedømet hans, etter Herrens ord um Israel.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
9Og Davids velde auka Davids velde stødt og stendigt, og Herren, allhers drott, var med honom.
Read all of Andre Krønikebok 11
Cross References
1 Samuel 16:1Herren sagde til Samuel: «Kor lenge etlar du å syrgja yver Saul? Eg hev då vanda honom, so han skal ikkje vera konge yver Israel. Fyll hornet ditt med olje og gakk av stad! Eg vil senda deg til Isai i Betlehem. Ein av sønerne hans hev eg etla til konge.»
2 Samuel 3:17Abner samrådde seg med dei øvste i Israel, og sagde: «Alt lenge siden hev de ynskt dykk David til konge.
2 Samuel 23:8Dette er namni på dei djervaste stridsmennerne åt David: Joseb-Bassebet, tahkmoniten, den fremste av kjemporne, han som svinga spjotet yver åtte hundrad falne på ein gong.
1 Chronicles 12:21Desse hjelpte David mot røvarflokkarne; for dei var djerve hermenner alle saman, og dei vart hovudsmenner i heren.
1 Chronicles 12:38Alle desse hermennerne skipa seg i fylking og kom med hjartans godhug for David til Hebron og vilde gjera honom til konge yver heile Israel. Men alle hine av Israel var og sameinte i å gjera David til konge.
1 Chronicles 27:1Og dette er Israels-sønerne, etter talet deira, med ættarhovdingarne og med herhovdingar yver tusund og hundrad og tilsynsmennerne deira, som tente kongen i alt som vedkom herflokkarne; dei herflokkarne gjekk inn og gjekk ifrå for til skiftes kvar månad i året, og kvar flokk var fire og tjuge tusund mann sterk.