Andre Krønikebok 12:40
Dei som budde nær ved, alt upp til Issakar, Sebulon og Naftali, førde og nøgdi med føda til deim, på asen, kamelar, muldyr og uksar; grjonmat, fikekakor, rosinkakor, vin og olje, bufe og sauer; for det var gleda i Israel.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
39Og dei var der hjå David i tri dagar og åt og drakk; for brørne deira hadde laga til åt deim.
Read all of Andre Krønikebok 12
Cross References
2 Samuel 16:1Då David var komen eit stykke på hi sida av fjellet, møtte han Siba, drengen åt Mefiboset, med eit par asen kløvja med tvo hundrad brød, hundrad rosinkakor, hundrad sumarfrukter og ei vinhit.
1 Kings 1:40Sidan fylgde heile folkemengdi honom upp att med slik fløyteblåster og stor fagnad at jordi kunde ha rivna av ropi deira.
1 Chronicles 29:22Og dei åt og drakk for Herrens åsyn på den dagen med stor gleda. Og dei gjorde Salomo, son åt David, andre gongen til konge; dei salva honom til ein fyrste for Herren, og Sadok til prest.
Proverbs 29:2Når rettferdige aukar i tal, då gled seg folket, men når gudlaus mann kjem til styre, sukkar folket.
Luke 19:37Som han no var tett burtmed der det ber ned frå Oljeberget, tok læresveinarne, heile flokken, glade som dei var, til å lova Gud med høg røyst for alle dei underi dei hadde set, og kvad: