Andre Krønikebok 13:6
Og David for med heile Israel upp til Ba’ala, til Kirjat-Jearim, som høyrer til Juda, med den etlingi å føra upp kista åt Gud Herren, han som tronar yver kerubarne, og som ho hev fenge namnet sitt etter.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Andre Krønikebok 13
Cross References
Exodus 20:24Eit altar av torv skal du gjera meg, og på det skal du ofra brennofferi og takkofferi dine, småfeet og storfeet ditt! Kvar den stad som eg vil hava namnet mitt æra, skal eg koma til deg og velsigna deg.
Exodus 25:22Og sidan vil eg møtast med deg der; frå romet yver loket millom båe kerubarne som er ovanpå lovtavlekista, vil eg tala med deg kvar gong eg sender deg med bod til Israels-folket.
Numbers 7:89Då so Moses gjekk inn i møtetjeldet og skulde tala med Herren, so høyrde han ei røyst som tala til honom frå romet yver lovtavlekista millom båe kerubarne - der tala Gud til honom.
Joshua 15:60Kirjat-Ba’al, som sidan vart kalla Kirjat-Jearim, og Rabba, tvo byar med grenderne ikring.
2 Samuel 6:2Og David gav seg på veg, og drog ut med alt sitt folk frå Ba’ale-Juda, og førde derifrå Guds kista, som heiter etter Herren, allhers drott, han som tronar på kerubarne.
2 Kings 19:15Og Hizkia bad for Herrens åsyn, og sagde: «Herre, du Israels Gud! du som sit yver kerubarne! Einast du er Gud yver alle rike på jordi! du hev gjort himmelen og jordi.