Andre Krønikebok 20:1
Året etter ved det leitet kongarne plar fara i herferd, tok Joab ut med heren og herja landet åt Ammons-sønerne. Og han kom og kringsette Rabba, medan David vart verande i Jerusalem. Og Joab tok Rabba og øydela byen.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Andre Krønikebok 20
Cross References
2 Samuel 11:1Det hende seg året etter, den tid då kongarne plar fara i herferd, då sende David Joab av stad, og alle herhovdingarne som var under honom og heile Israel, og dei herja Ammonitarlandet og kringsette Rabba. Sjølv heldt David seg heime i Jerusalem.
2 Samuel 12:26Joab gjorde åtak på hovudstaden Rabba i Ammonitarlandet, og hertok byen.
1 Kings 20:22Då steig profeten fram for Israels-kongen og sagde til honom: «Gakk og samla krafti di, og tenk vel etter kva du vil gjera! For næste år dreg syrarkongen upp i mot deg att.»
2 Kings 13:20Elisa døydde og vart gravlagd. Moabitarflokkar gjorde jamt røvarferder i landet ved nyårsbil.
Isaiah 54:16Sjå, eg hev skapt smeden som blæs i kolelden og lagar våpn til sitt bruk, og eg hev skapt tynaren til å øyda det.
Ezekiel 21:20Du skal gjera ein veg som sverdet kann fara fram på til Rabba åt Ammons-sønerne, og ein til Juda, inn i Jerusalem, borgbyen.