Andre Krønikebok 21:13
David svara Gad: «Eg er stadd i stor våde. Men lat meg då falla i Herrens hand; for hans miskunn er stor; men i mannehand vil eg ikkje falla.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
14Då let Herren det koma ei drepsott i Israel, og det fall sytti tusund mann av Israel.
Read all of Andre Krønikebok 21
Cross References
2 Kings 6:15Då tenaren åt gudsmannen reis upp og gjekk ut tidleg næste morgon, fekk han sjå ein herstyrke med hestar og vogner lægra kring byen. Drengen sagde då til honom: «Ai, ei, herre! Kva skal me gjera?»
2 Chronicles 28:9Men ein av Herrens profetar som heitte Oded, og som livde der, han gjekk ut imot heren då han kom til Samaria og sagde til deim: «I harmen sin yver Juda hev Herren, dykkar fedregud, gjeve deim i dykkar vald; men de hev drepe deim med eit sinne som når til himmelen.
Esther 4:16«Gakk og få saman alle jødar som finst i Susan, og haldt fasta for meg, so de korkje et eller drikk noko på tri døger, natt og dag. Eg og ternorne mine vil og fasta sameleis. Og so vil eg ganga inn til kongen, endå det er ulovlegt. Lyt eg so døy, so lat meg døy!»
Psalms 51:1Til songmeisteren; ein salme av David,
Psalms 69:16Lat ikkje vatsflodi fløyma yver meg, og ikkje djupet svelgja meg, og heller ikkje brunnen lata att sitt gap yver meg!
Psalms 86:15Men du, Herre, er ein miskunnsam og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og truskap.