Andre Krønikebok 22:5
For David tenkte: «Salomo, son min, er ung og kløkk; men huset som skal byggjast åt Herren, bør vera ovstort, so det kann verta til gjetord og æra i alle land. Difor vil eg få til vegar vyrke åt honom.» So rådde David seg ei nøgd med vyrke fyrr han døydde.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
4og cedertre i uteljande mengd; for Sidon- og Tyrus-buarne førde nøgdi av cedertre til David.
6So kalla han til seg Salomo, son sin, og bad honom byggja eit hus åt Herren, Israels Gud.
Read all of Andre Krønikebok 22
Cross References
Deuteronomy 31:2og sagde desse ordi: «No er eg hundrad og tjuge år gamall; eg er ikkje so nøytug som eg hev vore, og Herren hev sagt meg at eg ikkje skal koma yver Jordanåi.
1 Kings 9:8Og um dette huset vert aldri so høgt, so skal kvar mann fæla og spotta når han framum fer; og spør ein: «Kvifor hev Herren fare soleis åt med dette landet og dette huset?»
2 Chronicles 2:4Eg skal no til å byggja eit hus for namnet åt Herren, min Gud, og vil vigja det til honom soleis at ein der kann kveikja finangande røykjelse, leggja fram dei daglege skodebrødi og ofra brennoffer morgon og kveld, på kviledagarne, nymånedagarne og høgtiderne åt Herren vår Gud; for det er skyldnaden åt Israel til æveleg tid.
2 Chronicles 2:8Og send meg cedertre, cypresstre og algummimtre frå Libanon; for eg veit at folki dine er dugelege til å hogga tre på Libanon; og folki mine skal vera med dine folk.
2 Chronicles 13:7Og kring honom samla det seg lause karar, skamløysor, som tråssa Rehabeam, son åt Salomo, og Rehabeam var ung og veiklyndt og kunde ikkje halda seg imot deim.
Ecclesiastes 9:10Alt det di hand vinn gjera med di kraft, det skal du gjera, for det finst ikkje arbeid eller utrekning eller kunnskap eller visdom i helheimen som du gjeng til.