Andre Krønikebok 25:3
Av Jedutun: Jedutuns-sønerne Gedalja, Seri og Jesaja, Hasabja og Mattitja, seks mann, med rettleiding av Jedutun, far deira, som med profetisk eldhug spela takkesongar og lovsongar åt Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Andre Krønikebok 25
Cross References
1 Samuel 10:5Deretter kjem du til Guds Gibea, der som filistarvakti held seg. Og når du kjem inn der i byen, råkar du på ein profetflokk som kjem ned frå offerhaugen i profetisk eldhug med harpa, trumma, fløyta og cither.
1 Chronicles 15:18og jamsides med deim brørne deira av andre rangen, Zakarja, Ben, Ja’aziel og Semiramot og Jehiel og Unni, Eliab og Benaja og Ma’aseja og Mattitja, Eliflehu og Mikneja og Obed-Edom og Je’iel, dørvaktarane.
1 Chronicles 16:41Og i lag med deim var Heman og Jedutun og dei andre utvalde som var nemnde, at dei skulde lova Herren, av di hans miskunn varer æveleg.
2 Chronicles 29:14og av Hemans-sønerne Jehuel og Sime’i, og av Jedutuns-sønerne Semaja og Uzziel.
Jeremiah 33:11fagnadljod og gledeljod, røyst av brudgom og røyst av brur og røysti av deim som segjer: «Prisa Herren, allhers drott, for Herren er god, for æveleg varar hans miskunn,» slike som ber fram takkoffer i Herrens hus. For eg endar utlægdi for landsens lyd, so han vert som i fyrstningi, segjer Herren.