Andre Krønikebok 28:20
Og David sagde til Salomo, son sin: «Ver sterk og stød og tak fat på verket; du skal ikkje ræddast og ikkje fæla. For Gud Herren, min Gud, skal vera med deg. Han vil ikkje sleppa deg og slå handi av deg, fyrr det er fullført, alt arbeidet som skal gjerast for tenesta i Herrens hus.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Andre Krønikebok 28
Cross References
Deuteronomy 31:7Og Moses kalla Josva åt seg, og sagde til honom, medan heile Israel stod ikring: «Ver sterk og stød! for du skal føra dette folket inn i det landet som Herren hev lova federne deira, og du skal hjelpa deim til å vinna det.
Joshua 1:5I alle dine livedagar, skal ingen vera mann til å standa seg mot deg. Eg skal vera med deg, liksom eg var med Moses; aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg.
Joshua 1:9Du veit eg hev sagt deg at du skal vera sterk og stød, ikkje ræddast og ikkje fæla; for Herren, din Gud, er med deg, kvar du fær.»
1 Chronicles 22:13so skal du hava lukka med deg, um du kjem i hug å liva etter dei bodi og loverne som Herren hev bode Moses leggja på Israel. Ver sterk og stød; du skal ikkje ræddast og ikkje fæla.
Ezra 10:4Ris upp! for det er du som lyt greida denne saki, og me skal stydja deg. Ver frihuga og set det i verk!»
Isaiah 41:10ver ikkje rædd, for eg er med deg, ver hugheil, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg, og hjelper deg, eg styd deg med mi rettferds hand.