Andre Krønikebok 29:1
Og kong David sagde til heile lyden: «Salomo, son min, den einaste Gud hev valt ut, er ung og kløkk, og arbeidet er stort; for denne borgi er ikkje etla til eit menneskje, men til Gud Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Andre Krønikebok 29
Cross References
1 Kings 3:7Ja, Herre, min Gud, no hev du gjort tenaren din til konge etter David, far min, men eg er berre barnet, og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt.
1 Chronicles 22:2Og David sende bod at dei skulde samla dei framande som var i Israels land, og han sette steinhoggarar til å hogga steinar til byggjevyrke åt Guds hus.
1 Chronicles 28:1Og David kalla i hop alle Israels hovdingar til Jerusalem, ættarhovdingarne, hovdingarne yver herskifti som tente kongen, og hovudsmennerne yver tusund og yver hundrad, og tilsynsmennerne yver all eiga og buskapen åt kongen og sønerne hans, og dertil hirdmennerne og kjemporne og alle djerve hermenner.
1 Chronicles 28:8Og no segjer eg framfor heile Israel, Herrens lyd, og for vår Gud, som høyrer det: «Haldt alle bodi frå Herren, dykkar Gud, og spør etter deim, so de kann få hava dette gode landet og lata det ganga i arv åt borni dykkar til æveleg tid!»
1 Chronicles 29:19Og gjev Salomo, son min, eit heilt hjarta til å fylja bodi, loverne og fyreskrifterne dine, og gjera alt dette, og byggja den borgi som eg hev gjort fyrebuingar til!»
2 Chronicles 2:4Eg skal no til å byggja eit hus for namnet åt Herren, min Gud, og vil vigja det til honom soleis at ein der kann kveikja finangande røykjelse, leggja fram dei daglege skodebrødi og ofra brennoffer morgon og kveld, på kviledagarne, nymånedagarne og høgtiderne åt Herren vår Gud; for det er skyldnaden åt Israel til æveleg tid.