Andre Krønikebok 9:22
Alle desse var utvalde til dørvaktarar, tvo hundrad og tolv mann. Dei var uppskrivne i ættarlista i bygderne sine. David og sjåaren Samuel hadde sett deim til å tena på tru og æra.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
21Zakarja, son åt Meselemja, var dørvaktar ved møtetjelddøri.
23Dei og sønerne deira stod difor ved dørerne åt Herrens hus, tjeldhuset, og heldt vakt.
Read all of Andre Krønikebok 9
Cross References
1 Chronicles 9:16og Obadja, son åt Semaja, son åt Galal, son åt Jedutun, og Berekja, son åt Asa, son åt Elkana, som budde i netofatit-bygderne.
1 Chronicles 9:31Og Mattitja, ein av levitarne, eldste son åt korahiten Sallum, hadde på tru og æra tilsynet med brødbakstren.
1 Chronicles 25:1Og David og herhovdingarne skilde ut til gudstenesta sønerne åt Asaf og Heman og Jedutun, som med profetisk eldhug spela på cithrar og harpor og cymblar, og dette er lista på dei mennerne som skulde hadde hava dette gjeremålet:
1 Chronicles 28:13og fyreskrifter um presteskifti og levitskifti og um all tenesta i Herrens hus, og um alle kjeraldi som skulde brukast ved gudstenesta i Herrens hus,
1 Chronicles 29:29Og soga um kong David frå upphavet til enden, ho er uppskrivi i krønikeboki åt sjåaren Samuel, i krønikeboki åt profeten Natan og i krønikeboki åt sjåaren Gad.
2 Chronicles 31:18Det vart gjort soleis at dei vart upptekne med alle småborni sine, konorne, sønerne og døtterne sine, so mange dei var; for på tru og æra skulde dei styra med dei heilage tingi.