Paulus’ fyrste brev til korintarane 1:23
men me forkynner Kristus krossfest, som er ei avstyggjing for jødar og ein dårskap for grækarar,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
But we preach Christ crucified, unto the Jews a stumblingblock, and unto the Greeks foolishness;
In Context
22etter som både jødar krev teikn, og grækarar søkjer visdom,
24men for deim som er kalla, både jødar og grækarar, forkynner me Kristus, Guds kraft og Guds visdom.
Read all of Paulus’ fyrste brev til korintarane 1
Cross References
Matthew 11:6og sæl er den som ikkje styggjest ved meg.»
Luke 2:34Og Simeon velsigna deim og sagde til Maria, mor hans: «Dette barnet er sett til fall og uppreising for mange i Israel og til eit motsegjingsteikn;
John 6:53Då sagde Jesus til deim: Det segjer eg dykk for visst og sant: Et de ikkje kjøtet åt Menneskjesonen, og drikk blodet hans, so hev de ikkje liv i dykk.
Acts 10:39Og me er vitne um alt det han gjorde både i Jødeland og i Jerusalem, han som dei slo i hel, med di dei hengde honom på eit tre.
1 Corinthians 1:18For ordet um krossen er vel dårskap for deim som vert fortapte, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.
1 Corinthians 2:2For eg vilde ikkje vita noko imillom dykk, utan Jesus Kristus og honom krossfest.