Andre kongebok 10:1
Då dronningi i Saba fekk høyra gjetordet um Salomo og det han hadde gjort for Herrens namn, kom ho og vilde røyna honom med djupe gåtor.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 10:7Og sønerne hans Kusj var Seba og Havila og Sabta og Raema og Sabteka, og sønerne hans Raema var Sjeba og Dedan.
Genesis 25:3Og Joksan var far til Sjeba og Dedan. Og sønerne hans Dedan var Assurar og Letusar og Leummar.
1 Kings 4:31Han var visare enn alle andre menneskje, visare enn ezrehiten Etan, Heman og Kalkol og Darda, sønerne åt Mahol; og det gjekk gjetord av honom hjå alle folki vida ikring.
1 Kings 5:14Han sende deim til Libanon, ti tusund um månaden etter tur; ein månad var dei på Libanon, tvo månader heime. Og Adoniram hadde tilsynet med pliktarbeidarane.
2 Chronicles 9:1Då dronningi i Saba høyrde gjetordet um Salomo, drog ho til honom i Jerusalem og vilde røyna honom med djupe gåtor. Ho kom med eit ovstort fylgje, med kamelar som var klyvja med kryddor og gull i store mengder og glimesteinar. Og då ho var komi til Salomo, lagde ho fram for honom alt det ho hadde på hjarta.
Job 28:28Til menneskja han sagde so: «I Herrens otte visdom sit, og fly det vonde, det er vit.»»