Andre kongebok 18:38
Då rann Herrens eld ned og åt upp brennofferet og veden og steinarne og moldi og sleikte upp vatnet som var i veiti.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 9:24og det for eld ut frå Herren åsyn og brende upp det som var på altaret, både brennofferet og feittet, og då folket såg det, ropa dei alle høgt av gleda, og kasta seg ned, med andlitet mot jordi.
Judges 6:21Og Herrens engel rette fram staven som han hadde i handi, og stakk burti kjøtet og søtebrødet. Då slo det eld upp or berget, og øydde kjøtet og brødet, og Herrens engel kvarv burt for augo hans.
1 Kings 18:35Vatnet flaut rundt umkring altaret, og han fyllte veiti med vatn.
1 Chronicles 21:26Og David bygde der eit altar for Herren og ofra brennoffer og takkoffer. Og han ropa til Herren, og han svara honom med eld frå himmelen på brennofferaltaret.
Job 1:16Medan han tala, kom ein annan og sagde: «Guds eld slo ned frå himmelen millom småfeet og hyrdingarne og brende deim upp; berre eg slapp undan, so eg kunde melda det til deg.