Andre kongebok 21:2
Og Ahab tala med Nabot og sagde: «Lat meg få vinhagen din, so eg kann hava honom til kålhage, for han ligg so nær innåt huset mitt. Eg skal gjeva deg ein betre vingard i staden, eller um du so tykkjer, skal eg greida verdet ut i reide pengar.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
3Men Nabot sagde til Ahab: «Aldri i verdi vil eg gjeva deg fedrearven min!»
Cross References
Genesis 3:6Og kona såg at treet var godt å eta av, og tykte det var ein hugnad for augo, og eit gildt tre, med di det kunde gjera ein klok. So tok ho av frukti og åt, og gav mannen sin og med seg, og han åt.
Exodus 20:17Du skal ikkje trå etter huset åt grannen din! Du skal ikkje trå etter kona åt grannen din, eller drengen eller tenestgjenta eller uksen eller asnet hans, eller noko anna som høyrer grannen din til».
Deuteronomy 11:10For det landet du er på vegen til og skal eigna til deg, er ikkje likt Egyptarlandet, som du kjem ifrå. Det laut du vatna som ein kålhage, kvar gong du hadde sått;
1 Samuel 8:14Dei beste åkrarne og vinhagarne og oljeplantingarne dykkar vil han taka og gjeva åt tenarane sine.
1 Kings 21:6Han svara henne: «Eg tala med jizre’eliten Nabot og sagde til honom: «Lat meg få vinhagen din for pengar, eller um du so tykkjer, skal eg gjeva deg ein annan vinhage i staden.» Men han svara: «Eg vil ikkje gjeva deg vinhagen min.»»
Ecclesiastes 2:5gjorde meg hagar og parkar og sette alle slag frukttre i deim.