Andre kongebok 21:7
Då sagde Jezabel, kona hans, til honom: «Er det du som no hev kongevelde i Israel? Statt upp, et og ver i godlag! Eg skal gjeva deg vinhagen åt jizre’eliten Nabot.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 8:14Dei beste åkrarne og vinhagarne og oljeplantingarne dykkar vil han taka og gjeva åt tenarane sine.
1 Kings 21:15Då Jezabel høyrde at Nabot var steina i hel, sagde Jezabel til Ahab: «Statt upp, eigna til deg vinhagen åt jizre’eliten Nabot, den som han ikkje vilde gjeva deg for pengar! For Nabot er ikkje lenger i live, han er dåen.»
Ecclesiastes 4:1Framleides såg eg på alle dei valdsverk som vert gjorde under soli. Det rann frå deim som leid, og ingen trøysta deim; valdsmenner bruka magt mot deim, og ingen trøysta deim.
Daniel 5:19og for den stordomen skuld som han hadde gjeve honom, skalv alle folk og ætter og tungemål for honom og ræddast. Kven han vilde, drap han, og kven han vilde, let han liva; kven han vilde, gjorde han stor, og kven han vilde, gjorde han liten.
Micah 2:2Og dei lystar etter annan manns åkrar og ranar deim, etter hus og tek deim. Dei gjer vald både mot mannen og huset hans, både mot bonden og eigedomen hans.