Andre kongebok 8:6
Prestarne flutte sambandskista inn i koren, i det høgheilage, inn under vengjerne av kerubane, der ho skulde vera.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 26:33og so skal du hengja det upp etter krokarne. Innanfor forhenget skal du setja lovtavlekista; og forhenget skal for dykk vera skilnaden millom det heilage og det heilagste romet.
Exodus 40:20So tok han og lagde lovtavlorne ned i kista, og sette stengerne i, og sette loket yver kista.
2 Samuel 6:2Og David gav seg på veg, og drog ut med alt sitt folk frå Ba’ale-Juda, og førde derifrå Guds kista, som heiter etter Herren, allhers drott, han som tronar på kerubarne.
1 Kings 6:19Inst i huset reidde han til ein kor til å setja Herrens sambandskista i.
1 Kings 8:4og bar Herrens kista og møtetjeldet dit upp saman med alle dei heilaggognerne som var i tjeldet; det var prestarne og levitarne som bar deim upp.
2 Chronicles 5:7So førde prestarne Herrens sambandskista inn på staden sin i koren i huset, i det høgheilage, under vengjerne åt kerubarne.