1 Peter 2:5
og vert de sjølve, som livande steinar, uppbygde til eit åndelegt hus, eit heilagt presteskap, til å bera fram åndelege offer til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 18:2og ikkje få nokon arv tilliks med brørne sine; Herren skal vera arven deira, soleis som han hev sagt deim.
Psalms 50:14Ofra lov og takk til Gud og gjev den Høgste det du hev lova,
Psalms 141:2Lat bøni mi gjelda som røykoffer for ditt andlit, mi hand-upplyfting som kvelds-grjonoffer!
Isaiah 66:21Og jamvel av deim vil eg taka ut levitiske prestar, segjer Herren.
Malachi 1:11For frå solekoma til soleglad er mitt namn stort millom folki, og på kvar ein stad vert det frembore røykoffer åt namnet mitt og rein offergåva; for namnet mitt er stort millom folkeslagi, segjer Herren, allhers drott.
Romans 12:1So legg eg dykk då på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bjoda fram likamarne dykkar til eit offer som er livande og heilagt og hugnadlegt for Gud - det er dykkar åndelege gudstenesta -