2 Sm 13:6
Då Israels-mennerne såg dei var komne i knipa, av di filistarane trengde på, so for folket av og løynde seg i hellerar, i klungerkjørr, i gil, i kjellarar og brunnar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 14:10Farao kom næmare og næmare, og då Israels-folket skulde sjå til, då såg dei egyptarane kom setjande etter deim. Då vart Israels-folket fælande rædde, og ropa til Herren.
Judges 6:2I sju år hadde midjanitarne yvermagti yver Israel; det var for deira skuld Israels-sønerne gjorde seg dei løyndeholi som er i åsarne, og hellerarne og fjellborgerne.
Judges 20:41I det same snudde Israels-mennerne um. Då vart Benjamins-mennerne forfærde; for dei såg at ulukka hadde nått deim.
1 Samuel 23:19Nokre Zif-folk drog upp til Saul i Gibea og sagde: «David held seg løynd hjå oss, i fjellborgerne i Hores, på Hakilahøgdi, sunnanfor øydemarki.
1 Samuel 31:7Og då Israels-mennerne på hi sida dalen og på hi sida Jordan gådde at Israels-mennerne hadde rømt, og at Saul og sønerne hans var falne, so rømde dei ut or byarne sine; og filistarane kom og busette seg der.
Isaiah 42:22Men det er eit plundra folk, herja folk, alle bundne sit i hol og i fangehusi løynde. Herfang er dei, og hev ingen frelsar, ran, og ingen segjer: «Gjev det att!»