2 Sm 16:1
Herren sagde til Samuel: «Kor lenge etlar du å syrgja yver Saul? Eg hev då vanda honom, so han skal ikkje vera konge yver Israel. Fyll hornet ditt med olje og gakk av stad! Eg vil senda deg til Isai i Betlehem. Ein av sønerne hans hev eg etla til konge.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 49:8Juda, deg lovar lydt dine brøder, handi di fatar din fiend i nakken, søkern’ åt far din fell deg til fota.
1 Samuel 9:16«I morgon dette bil sender eg til deg ein mann frå Benjaminslandet; honom skal du salva til fyrste yver Israel, folket mitt; han skal frelsa folket mitt frå filistarmagti. Eg hev set til folket mitt, etter di naudropet deira hev nått upp til meg.»
1 Samuel 13:13Samuel sagde til Saul: «Du var uvisleg gjort av deg. Hadde du agta på bodet frå Herren, din Gud, som han baud deg, so vilde Herren no ha grunnfest kongedømet ditt til æveleg tid.
1 Samuel 15:11«Eg angrar at eg gjorde Saul til konge! Han hev vendt seg burt frå meg og ikkje gjort det eg sette honom til.» Då harmast Samuel, og han ropa til Herren heile natti.
1 Samuel 15:26Samuel sagde til Saul: «Eg vil ikkje vera med deg heim. Av di du hev vanda Herrens ord, hev Herren vanda deg, so du skal ikkje vera konge yver Israel.»
1 Samuel 16:15Tenarane åt Saul sagde med honom: «Sjå, du fær brårider av ei vond ånd frå Gud.