2 Sm 16:5
Han svara: «Ja, eg kjem og vil ofra til Herren. Det lyt helga dykk, so det kann vera med meg ved offermåltidi!» Og han helga Isai og sønerne hans og bad deim vera med ved offermåltidi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
6Då dei kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Der stend visst framfor Herren den han salvar.»
Cross References
Exodus 19:14So gjekk Moses ned av fjellet til folket, og sagde dei skulde helga seg. Då tvo dei klædi sine.
Numbers 11:8Folket for utyver og sanka det, og mol det på handkvern eller støytte det sund i mortlar. Sidan saud dei det i gryta, og laga kakor av det; då smaka det som sukkerbrød med olje i.
Joshua 7:13Statt no upp! Lat folket helga seg, og seg til deim: «Helga dykk til morgons! For so segjer Herren, Israels Gud: Det er noko vigt hjå deg, Israel! Du kann ikkje standa deg mot fiendarne fyrr de kvittar dykk med det som er vigt.
1 Chronicles 12:18Men anden greip Amasai, den hævaste av dei tretti, og han sagde: «Deg, David, høyrer me til, og i lag med deg, Isaisonen, vil me standa. Fred, fred vere med deg, og fred vere med hjelpesmennerne dine! For din Gud hev hjelpt deg.» Då tok David imot deim og sette deim til hovdingar yver herflokken.
Job 1:5Når so ein umgang med gjestebodsdagar var til endes, sende Job bod etter deim og helga deim tidleg um morgonen ofra han brennoffer, eitt for kvar einskild av deim. For Job tenkte: «Kanskje hev sønerne mine synda og banna Gud i hjarto sine.» Soleis gjorde Job kvar gong.
Joel 2:16Samla folket! Vigsle lyden! Få i hop dei gamle, samla dei små, ja, borni på fanget! Brudgomen gange or sitt hus og bruri frå stova si!