2 Sm 17:43
Filistaren ropa til David: «Meinar du eg er ein hund, sidan du kjem imot meg med stavar?» Og han banna David ved guden sin.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 27:29Deg tjoder tena skal, og folkeslag skal falla deg til fota. Ver herre yver brørne dine! Borni åt mor di bøygje seg for deg! Forbanna vere dei som deg forbannar! Velsigna vere dei som deg velsignar!»
Numbers 22:11«Her hev kome eit folk frå Egyptarland, og dei er so mange at dei fyller alt landet. Kom og les ei våbøn yver deim, so trur eg visst eg skal råda med deim og jaga deim ut.»»
1 Samuel 24:14Det er som det gamle ordtøket segjer: «Frå dei vonde kjem vondskap.» Men mi hand skal ikkje vera lyft mot deg.
2 Samuel 3:8Dei ordi av Isboset gjorde Abner brennande harm: «Er eg ein hundehaus frå Juda?» sagde han; «nett medan eg gjer sælebot mot ætti åt Saul, far din, mot frendarne hans og venerne hans, medan eg vernar deg mot å falla i henderne på David, so kjem du med vondord for eit kvende skuld!
2 Samuel 16:9Abisai Serujason spurde kongen: «Kvifor skal den daude hunden der hava lov å banna deg, herre konge? Lat meg fara dit og hogga hovudet av honom!»
Proverbs 26:2Som sporven flaksar burt og svala flyg, so råkar ikkje grunnlaus forbanning.