2 Sm 17:51
David sprang burtåt filistaren, tok sverdet hans, drog det ut or slira og drap honom og hogg hovudet av honom med det. Då filistarane såg at kjempa deira var daud, rømde dei.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 21:9Presten svara: «Jau, det sverdet som filistaren Goliat åtte, han som du felte i Eikedalen; det ligg sveipt i ei kappa attum messehakelen. Vil du hava det, so tak det! Noko anna hev eg ikkje.» «Det finst ikkje maken til det,» sagde David; «gjev meg det!»
1 Samuel 31:9Dei hogg hovudet av honom, og rana våpni hans og sende rundt i Filistarlandet, og let forkynna fagnadbodet i templi åt avgudarne sine og millom folket.
2 Samuel 23:21Han drap og den egyptaren som var so sjåleg. Endå egyptaren hadde spjot i hand, gjekk han på honom berre med ein stav. Han reiv spjotet ut or handi på egyptaren og drap honom med hans eige spjot.
Psalms 7:15Sjå, han skal til å føda misgjerning; han gjeng med ulukka og føder lygn.
Hebrews 11:34sløkte elds magt, slapp undan sverds egg, vart sterke att etter sjukdom, vart velduge i strid, fekk fiendeherar til å vika.