2 Sm 2:25
Når folk syndar mot einannan, so dømer Gud deim imillom. Men når nokon syndar mot Herren, kven skal då ganga imillom?» Men dei lydde ikkje på ordi åt far sin; for Herren hadde etla deim til å døy.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
26Men guten Samuel voks og mannast, og vann godhug både hjå Gud og menneskje.
Cross References
Genesis 38:10Og Herren tykte ille um det han gjorde, og laga det so at han og døydde.
Deuteronomy 1:17Gjer ikkje mannemun i retten! Høyr på den ringaste som på den høgste, og ver ikkje rædde nokon mann! For domen høyrer Gud til. Men dei sakerne som er for vande for dykk, lyt de koma til meg med, so skal eg høyra på deim.»
Deuteronomy 17:8Er ei sak for vand for deg å døma i, anten det er ei dråpssak, eller ei eigedomstrætta, eller eit søksmål for helseskade, eller kva det elles er for saker som kann koma upp i by eller bygd, so skal du gjera deg reidug, og fara upptil den staden som Herren, din Gud, hev valt seg ut.
Joshua 11:20Herren laga det so at dei gjorde seg harde i hugen og møtte Israel i strid, av di han vilde at dei skulde bannstøytast og ingen nåde få, men øydast ut, soleis som han hadde sagt med Moses.
1 Kings 8:31Forsyndar einkvar seg mot næsten sin, og dei legg ein eid på honom, so ein let honom sverja, og han so kjem inn og sver framfyre altaret ditt i dette huset,
2 Chronicles 10:15Kongen høyrde soleis ikkje på folket, for di Gud laga det soleis, so Herrens ord skulde sannast som han hadde tala til Jeroboam Nebatsson ved siloniten Ahia.