2 Sm 22:14
Ahimelek svara: «Kven av alle tenarane sine er so trugen som David? og han er kongsmåg og hovding yver livvakti di og høgvyrd i huset ditt!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 18:13Saul fekk honom då burt frå seg, med di han sette honom til herførar: han førde herfolket både ut og heim.
1 Samuel 19:4Jonatan tala Davids sak hjå Saul, far sin, og sagde: «Kongen må ikkje gjera synd på David, tenaren sin. For han hev ikkje gjort synd mot deg. Tvert um; det han hev gjort, hev vore til stor bate for deg.
1 Samuel 20:32Jonatan svara Saul, far sin: «Kvifor skal han lata livet? Kva hev han gjort?»
1 Samuel 22:13Saul sagde til honom: «Kvifor hev de samansvore dykk mot meg, du og Isaisonen, med di du gav honom mat og sverd, og spurde Gud for honom, og han fekk leggja meinråder mot meg, so som det no kjem for dagen?»
1 Samuel 26:23Og Herren skal løna kvar ein som er ærleg og trufast, soleis som eg var i dag; då Herren gav deg i mi hand og eg vilde ikkje leggja hand på den som Herren hev salva.
Proverbs 24:11Berga deim som dei fører til dauden, og dei som vinglar til rettarstaden, haldt deim att!