2 Sm 24:12
Sjå sjølv, far! ja sjå her snippen av kappa di i mi hand! Når eg skar av kappesnippen og ikkje drap deg, so må du då skyna og sjå at eg ikkje etlar deg noko ilt eller noko brot, og at eg ikkje hev gjort synd mot deg, endå du sit etter meg og vil taka livet av meg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 16:5Då sagde Saraj med Abram: «Du skal svara for den urett eg lid. Eg bad deg sjølv taka terna mi i fang, men no ho ser at ho er med barn, vanvyrder ho meg. Herren skal døma millom meg og deg!»
Judges 11:27Eg hev ikkje gjort deg noko vondt; men du gjer meg stor urett med di du tek på meg. Herren, som er den øvste domaren, skal i dag døma millom Israel og Ammon.»»
1 Samuel 26:10«So sant Herren liver,» sagde David, «Herren lyt sjølv slå honom, eller avferdsdagen hans må koma på vanleg vis, eller han lyt få sin bane i krigen.
1 Chronicles 12:18Men anden greip Amasai, den hævaste av dei tretti, og han sagde: «Deg, David, høyrer me til, og i lag med deg, Isaisonen, vil me standa. Fred, fred vere med deg, og fred vere med hjelpesmennerne dine! For din Gud hev hjelpt deg.» Då tok David imot deim og sette deim til hovdingar yver herflokken.
Psalms 7:8Og lat ei samling av folkeslag standa rundt ikring deg, og far upp att yver deim til det høge!
Psalms 43:1Døm meg, Gud, og før mi sak mot folk utan miskunn, frels meg frå falsk og rettarlaus mann!