2 Sm 25:10
Nabal svara tenarane åt David: «Kven er David? Kven er Isaisonen? No um dagen stryk det so mange tenarar frå husbondsfolki sine.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 5:2Då sagde Farao: «Kva er det for ein «Herre» som eg skal lyda, og lata Israel fara? Eg kjenner ikkje den «Herren», og eg vil ikkje lata Israel fara heller.»
1 Samuel 20:30Då vart Saul brennande harm på Jonatan og sagde til honom: «Du son til ei treisk og rangsnudd kvinna! Visste eg ikkje at du hev huglagt Isaisonen, til skjemsla for deg sjølv, og til skjemsla for blygsli åt mor di!
1 Samuel 22:7Då sagde Saul med tenarane sine, der dei stod ikring honom: «Høyr no, Benjamins born! Meiner de Isaisonen gjev åkrar og vinhagar åt dykk alle, og set dykk alle til herførar for større eller mindre flokkar?
1 Kings 12:16Då no heile Israel såg at kongen ikkje høyrde på deim, gav folket dette svaret: «Kva deil hev me i David? Ingen lut i Isaisonen! Heim til hyttorne, Israel! Sjå no sjølv til huset ditt, David!» So for Israel heim kvar til sitt.
Psalms 123:3Ver oss nådig, Herre, ver oss nådig! for me er ovleg metta med vanvyrdnad.
Isaiah 32:5Dåren skal ein ikkje meir kalla gjæv, og den innfule skal ein ikkje kalla hugstor.