2 Sm 25:7
Eg hev spurt at du held på med saueklypping. No er det so at hyrdingarne dine hev halde seg i vårt grannelag, og me hev ikkje gjenge deim for nær, og dei hev ikkje sakna noko slag heile den tidi dei hev vore på Karmel.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 22:2Og til honom flokka seg allslags folk, alle som var i naud, alle som var i skuld, alle som var misnøgde, og han vart hovdingen deira; ei fire hundrad mann slo lag med honom.
1 Samuel 25:21David hadde sagt: «Til fåfengs hev eg verna um alt det den mannen åtte i øydemarki, so ingen ting vanta av all eigedomen hans. Og han gjev meg vondt i vederlag for godt.
Luke 3:14Like eins var det nokre hermenner som spurde honom: «Kva skal då me gjera?» Då svara han: «De skal ikkje plåga folk eller truga pengar utav deim! De skal nøgja dykk med løni dykkar!»
Philippians 4:8Elles, brør, alt det som er sant, alt det som er æva verdt, alt det som er rettferdigt, alt det som er reint, alt det som er elskelegt, alt det som hev eit godt namn, kvar ei dygd og alt som priseleg er, det gjeve de gaum etter!