2 Sm 26:19
Gjev du, herre konge, no vil høyra på tenaren din: Er det Herren som hev eggja deg imot meg, so lat honom få kjenna lukti av ei offergåva! Men er det manneborn som hev eggja deg, so vere dei bannstøytte av Herren, av di dei hev jaga meg burt, so eg no ikkje slå lag med Herrens eigen lyd! Det er som dei vil segja: «Far av og ten framande gudar!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 44:18Då steig Juda fram for honom og sagde: «Høyr meg, herre! Lat tenaren din få tala eit ord til deg, herre, og lat ikkje vreiden din loga upp mot tenaren din! For du er som Farao sjølv!
Numbers 36:7For ingen eigedom må hjå Israels-folket ganga yver frå ei ætt til ei onnor. Alle Israels-sønerne skal halda på eigedomen åt fedreætti si.
Deuteronomy 4:27Herren skal spreida dykk millom folki; berre nokre få av dykk skal vera att i dei heidningriki han fører dykk til;
Joshua 22:25Hev’kje Herren sett eit skilmerke, Jordan, millom oss og dykk, de Rubens-søner og Gads-søner! De eig ikkje med i Herren.» Soleis kunde borni dykkar få våre born til å halda upp med å ottast Herren.
1 Samuel 18:10Dagen etter kom den vonde åndi frå Gud yver Saul. Og han rasa i huset sitt. David spela på harpa, som han kvar dag gjorde. Saul hadde eit spjot i handi.
2 Samuel 14:16Ja, kongen vil lyda på tenestkvinna si, og berga meg frå den som vil rydja or vegen både meg og son min or Guds eige folk.»