2 Sm 3:12
På den dagen skal eg lata koma yver Eli alt det eg hev tala um ætti hans, frå fyrst til sist.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Joshua 23:15Men liksom det hev gjenge etter alle dei gode ordi som Herren, dykkar Gud, hev tala til dykk, soleis skal Herren lata alt det vonde han hev truga med koma yver dykk, til han hev rudt dykk ut or dette gilde landet som han hev gjeve dykk.
1 Samuel 2:27Ein gudsmann kom då til Eli og sagde til honom: «So segjer Herren: «For farsætti di openberra eg meg den tid dei var i Egyptarland og træla for Faraos hus.
1 Samuel 4:11Og Guds kista fall i fiendehand, og Hofni og Pinehas, båe Eli-sønerne, let livet.
1 Samuel 4:21Ho kalla guten I-kabod: «Kvorven er herlegdomen frå Israel,» sagde ho. Ho kom i hug Guds kista som var falli i fiendehand, og so verfaren og mannen.
Zechariah 1:6Men mine ord og mine rådgjerder, som eg baud mine tenarar, profetarne, å forkynna, råka dei ikkje federne dykkar, so dei venda um og sagde: «Som Herren, allhers drott, hadde sett seg fyre å gjera med oss etter våre vegar og våre gjerningar, so hev han gjort med oss.»