2 Sm 30:6
David kom i stor knipa; folki hans tala frampå um å steina honom, so beiskeleg innharme var dei alle i hop for tapet av sønerne og døtterne sine. Men David henta styrke hjå Herren, sin Gud.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 17:4Då ropa Moses til Herren og sagde: «Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge fyrr dei steinar meg!»
Judges 18:25Då sagde dei til honom: «Lat oss ikkje høyra eit ord av deg meir! Elles kunde hug-rame karar rjuka på dykk, og då kom du til å missa livet både du og dine.»
1 Samuel 1:10Og i hjartans sut bad ho til Herren og gret sårt.
1 Samuel 28:15Og Samuel spurde Saul: «Kvi uroar du meg og manar meg fram?» Saul svara: «Eg er i stor naud. Filistarane fører krig mot meg, og Gud hev vike frå meg og svarar meg ikkje, anten gjenom profetar eller gjenom draumar. Difor kalla eg på deg, so eg fær vita kva eg skal gjera.»
2 Kings 4:27Men då ho kom upp på fjellet til gudsmannen, tok ho um føterne hans. Gehazi for fram og vilde skuva henne burt. Men gudsmannen sagde: «Lat henne vera! Ho hev ei stor sorg. Herren hev løynt for meg kva det er, og ikkje kunngjort meg det.»
Psalms 18:6Helheims reip var snørde um meg, daudsens snaror fanga meg.