2 Sm 4:10
Filistarane kasta seg inn i striden; Israels-sønerne vart slegne, og lagde på sprang kvar til sitt, og mannefallet vart øgjelegt stort; av Israel fall tretti tusund mann fotfolk.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
11Og Guds kista fall i fiendehand, og Hofni og Pinehas, båe Eli-sønerne, let livet.
Cross References
Leviticus 26:17Eg kvesser augo imot dykk: for fienden skal de rjuka, uvenen skal trakka dykk ned; de skal røma, um ingen er etter dykk.
1 Samuel 3:11Då sagde Herren til Samuel: «Eg kjem til å gjera verk i Israel som kjem til å ringja for båe øyro på deim som høyrer det.
2 Samuel 18:7Der vart Israels-heren slegen av Davids herfolk. Og vart stort mannefall millom deim den dagen: tjuge tusund mann.
2 Samuel 19:8Då reis kongen upp og sette seg i porten. Det vart kunngjort for alt herfolket: «Sjå kongen sit no i porten.» Då kom dei alle fram for kongen. Israel hadde rømt kvar til seg.
1 Kings 12:16Då no heile Israel såg at kongen ikkje høyrde på deim, gav folket dette svaret: «Kva deil hev me i David? Ingen lut i Isaisonen! Heim til hyttorne, Israel! Sjå no sjølv til huset ditt, David!» So for Israel heim kvar til sitt.
2 Kings 14:12Juda-folket tapte for Israels-folket og rømde kvar til sitt.