2 Sm 5:10
Dei sende då Guds kista til Ekron. Men då Guds kista kom dit, skreik Ekron-buarne og sagde: «No hev dei flutt kista åt Israels Gud til meg og vil drepa meg og folket mitt!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Joshua 15:11Sidan heldt skiftelina nordetter til Ekronåsen; der svinga ho burt til Sikron, tok so yver til Ba’alafjellet, kom fram ved Jabne’el, og enda utmed havet.
Judges 1:18Og Juda-mennerne tok Gaza og Askalon og Ekron med alt landet som låg til dei byarne.
1 Samuel 17:52Israels-heren og Juda-heren lagde i veg, lyfte herrop, og forfylgde filistarane dit der vegen tek av til Gai, ja heilt til portarne i Ekron; so det låg falne filistarar på vegen til Sa’arajim, ja heilt til Gat og Ekron.
1 Chronicles 7:21hans son Zabad, og hans son Sutelah - og so Ezer og Elad. Og menner frå Gat, som var heimefolket der i landet, drap deim, for di dei hadde fare ned og vilde rana feet deira.
Amos 6:2Drag burt til Kalne og sjå, og endå lenger, til Stor-Hamat fram, og stig ned til Gat i Filistarland! Er dei betre enn desse riki? Er deira land større enn dykkar?