2 Sm 6:19
Sume av folket i Bet-Semes fekk ogso sott, av di dei hadde skoda på Herrens kista: sytti mann av folket. Folket syrgde, av di Herren hadde gjort so stort mannefall millom folket.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 19:21og Herren sagde til honom: «Gakk ned og vara folket, so dei ikkje bryt seg fram til Herren og vil sjå honom; for då kjem mange av deim til å stupa.
Leviticus 10:1Men tvo av Arons-sønerne, Nadab og Abihu, tok kvar sitt glodfat og hadde gløder i, og lagde røykjelse på gløderne, og bar framand eld fram for Herrens åsyn, det som han hadde forbode deim.
Numbers 4:4Det som Kahats-sønerne skal stella med i møtetjeldet, det er dei høgheilage tingi.
Numbers 4:18«Lat ikkje Kahats-ætti og greinerne hennar verta utrudd or Levi-folket!
Deuteronomy 29:29Det dulde høyrer Herren, vår Gud, til, men det som er openberra, gjeld for oss og borni våre i all æva; di skal me halda alle bodi i denne lovi.
1 Chronicles 13:9Men då dei kom til treskjestaden hans Kidon, rette Uzza ut handi og vilde fata i kista; for uksarne snåva.