2 Sm 6:3
Dei svara: «Vil de senda burt kista åt Israels Gud, må de ikkje senda henne gåvelaus; de lyt bera sonoffer åt honom til vederlag; so vert de lækte, og det vil få vita kvifor handi hans ikkje hev vike frå dykk.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 23:15Fyrst er det søtebrødhelgi; då skal du i sju dagar eta søtt brød, soleis som eg hev sagt deg, på den tid eg hev sett, i aksmånaden; for då tok du ut frå Egyptarland. Og ingen må visa seg tomhendt for augo mine.
Leviticus 5:6og til bot for den syndi han hev gjort, skal han koma til Herren med eit syndoffer - det skal vera eit småkrøter av hoslaget, søya eller geit - og presten skal bera fram soningsoffer for honom og gjer honom rein for syndi.
Leviticus 5:16Det han med urett hev eigna til seg av dei vigde gåvorne, skal han gjeva att, og attåt leggja femteparten av verdet. Han skal gjeva det til presten, og når presten hev ofra skuldofferveren til soning for honom, skal han få tilgjeving.
Leviticus 7:1So er lovi um skuldofferet: Det er høgheilagt.
1 Samuel 5:7Då Asdod-buarne skyna korleis det hekk i hop, sagde dei: «Kista åt Israels Gud må ikkje lenger vera hjå oss; for handi hans ligg tung på oss og på Dagon, guden vår.»
1 Samuel 5:11Dei sende då bod og stemnde alle filistarfyrstarne saman og sagde: «Send burt kista åt Israels Gud, og lat henne koma heim att til rette staden sin, og ikkje tyna meg og folket mitt!» Ein daudsens angest hadde gripe heile byen; for Guds hand låg ovtung på deim.