2 Sm 7:10
Medan Samuel ofra brennofferet, drog filistarane fram til strid mot Israel. Men Herren dundra med eit veldugt torever yver filistarane den dagen og fjetra deim, so dei vart slegne av Israel.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 9:23So rette Moses staven sin upp imot himmelen. Då sende Herren torever og hagl, og eldingarne for ned til jordi, medan Herren let det hagla yver Egyptarlandet.
Deuteronomy 28:7Når fiendarne reiser seg mot deg, skal Herren fella deim ned for din fot; på ein veg kjem dei farande imot deg, men på sju vegar skal dei ljota fly.
Judges 4:15Og Herren sette ein støkk i Sisera og alle vognkjemporne og heile heren hans, so dei ikkje kunde standa seg for Barak og sverdet hans; då steig Sisera ned av vogni, og rømde på sin fot.
Judges 5:20Ned frå himlen stjernorn’ stridde frå dei høge skeidi sine imot Sisera dei stridde.
1 Samuel 12:17No er det tidi for kveiteskurden, veit det. Men eg vil ropa til Herren, at han sender tora og regn. Soleis skal de skyna og sjå kor stor ei synd det er i Herrens augo, det de gjorde då de kravde ein konge.»
Psalms 18:11Og han for fram på kerub, og flaug og sveiv på vengjerne åt vinden.