1 Timothy 6:12
Strid den gode striden i trui! grip det ævelege liv, som du vart kalla til og bar fram den gode vedkjenningi for mange vitne!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 26:17Av Herren hev du i dag teke imot den lovnaden at han vil vera din Gud; so vil du ganga på hans vegar, og halda fyresegnerne og bodi og loverne hans og vera honom lydug.
Psalms 63:8For du hev vore hjelp for meg, i skuggen av dine vengjer kann eg fegnast.
Song of Solomon 3:4Snaudt hadd’ eg kome framum deim, då eg fann han som leikar i min hug. Eg heldt han og eg slepte han’kje laus, fyrr eg fekk han i huset hennar mor, inn i kleven hennar som meg åtte.
Zechariah 10:5Og dei skal vera lik kjempor som gjeng fram i striden nett som dei trakka i gateskarn; ja, strida skal dei; for Herren er med deim, og dei som rid på hestar, skal verta til skammar.
Romans 8:28Og me veit at alle ting tener deim til gode som elskar Gud, dei som er kalla etter hans rådgjerd.
Romans 10:9for dersom du sannar med munnen din at Jesus er herre, og trur du i hjarta ditt at Gud vekte honom upp frå dei daude, so skal du verta frelst;