Krønikebøkene 14:7
Han sagde til Juda: «Lat oss byggja desse byarne og setja murar og tårn ikring deim og portar og portbommar, medan me endå hev landet i vår magt, for di me hev søkt Herren, vår Gud; me hev søkt honom, og han hev gjeve oss fred til alle sidor.» So bygde dei då, og det gjekk godt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Joshua 23:1Då lang tid var lidi, og Herren hadde late Israel få fred for alle fiendar rundt ikring, og Josva var gamall vorten og ut i åri komen,
1 Chronicles 28:9Og du Salomo, son min, lær å kjenna far din’s Gud, og å tena honom med heilt hjarta og viljug sjæl! For Herren ransakar alle hjarto og skynar alt det som rører seg i tankarne. Um du søkjer Herren, so let han deg finna honom; men vender du deg frå honom, so støyter han deg frå seg for æveleg.
2 Chronicles 14:4Og han baud Juda-mennerne at dei skulde søkja Herren, deira fedregud, og halda lovi og bodet.
2 Chronicles 17:13og han store forråd i Juda-byarne og stridsdjerve herfolk i Jerusalem.
2 Chronicles 25:5So stemnde Amasja Juda-mennerne saman og skipa deim etter ættgreinerne under tusund- og hundradhovdingarne for heile Juda og Benjamin; han mynstra deim ifrå tjugeårsalderen og uppetter, og på den måten fekk han det til tri hundrad tusund utvalde stridsføre hermenner som bar skjold og spjot.
2 Chronicles 32:5So tok han mod og mannskap til seg og bygde upp heile den luten av muren som var nedbroten, og bygde radt upp til tårni, og ein annan mur bygde han utanfor; han vigfeste Millo i Davidsbyen og laga ei mengd kastevåpn og skjoldar.