Krønikebøkene 15:16
Og jamvel Ma’aka, mor si, sette kong Asa av frå hennar dronningrang, av di ho hadde gjort eit styggjelegt bilæte for Astarte; han hogg ned det stygge bilætet, slo det i smulder og brende det i Kidronsdalen.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 32:27og han sagde til deim: «So segjer Herren, Israels Gud: «Spenn sverdet på dykk, alle mann! Gakk att og fram i lægret, frå port til port, og hogg ned for fote, både brør og vener og frendar!»»
Leviticus 26:30Eg skal øyda høgderne dykkar, og rydja solstolparne ut, og kasta dykkar eigne lik på liki av skarnsgudarne dykkar; for de byd mitt hjarta imot.
Deuteronomy 7:25Gudebilæti deira skal du kasta på elden, og ikkje bry deg um sylvet og gullet på deim, eller eigna det til deg; det vilde føra deg i ulukka; for det er ein styggedom for Herren, din Gud,
Deuteronomy 13:6Um bror din, son åt di eigi mor, eller son din, eller dotter di, eller kona di, som du held i fanget, eller venen din, som du hev so kjær som ditt eige liv - um nokon av desse lokkar deg i løynd, og vil få deg til å dyrka ein annan gud, som du ikkje kjenner, og federne dine aldri hev kjent,
1 Kings 15:2Tri år styrde han i Jerusalem; mor hans heitte Ma’aka Abisalomsdotter.
1 Kings 15:13Og jamvel mor si, Ma’aka, sette han ifrå hennar dronningrang, for di ho hadde late gjera eit styggjelegt bilæte for Asjera; Asa hogg ned det stygge bilætet hennar og brende det i Kidronsdalen.