Krønikebøkene 15:8
Då Asa høyrde desse ordi og den spådomen som Azarja, son åt Oded, sagde fram, då tok han mod til seg og fekk burt dei ufysne styggetingi frå heile Judalandet og Benjaminslandet og frå dei byarne han hadde teke på Efraimsheidi; og han sette i stand Herrens altar framfyre Herrens forhall.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7Men ver de frihuga og lat ikkje henderne siga; for dykkar verk skal få si løn!»
Cross References
Deuteronomy 27:15«Forbanna vere den som hev ein kunstmann til å gjera seg eit gudebilæte, støypt eller utskore, og set det upp i løynd, det som er ein styggedom for Herren!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»
1 Kings 11:5Og Salomo fylgde Astarte, sidoniarguden, og Milkom, styggedomen åt ammonitarne.
1 Kings 15:9I tjugande året åt Jerobeam, kongen i Israel, vart Asa konge i Juda.
2 Kings 18:22Og svarar de meg: «Me lit på Herren, vår Gud!» var det då ikkje hans offerhaugar og hans altar Hizkia fekk burt, då han baud Juda og Jerusalem: «Framfor dette altaret skal de bøygja kne i Jerusalem.»
2 Chronicles 4:1Og han gjorde eit altar av kopar, tjuge alner langt, tjuge alner breidt og ti alner høgt.
2 Chronicles 13:19Og Abia forfylgde Jeroboam og tok ifrå honom nokre byar; det var Betel og grenderne kringum, Jesana og grenderne kringum og Efron og grenderne kringum.