Krønikebøkene 16:3
«Det er eit samband millom meg og deg, sameleis som millom min far og din far, no sender eg deg sylv og gull. Gjer no vel og brjot sambandet ditt med Israels-kongen Baesa, so han lyt draga burt ifrå meg!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 32:21So sagde han med Aron: «Kva vondt hev dette folket gjort deg, sidan du laut føra deim upp i so stor ei synd?»
Judges 2:2og de skal ikkje gjera samband med deim som bur her i landet; de skal riva ned altari deira!» Men de høyrde ikkje på ordi mine. Kvi gjorde de’kje det?
2 Chronicles 18:3For Israels-kongen Ahab sagde til Juda-kongen Josafat: «Vil du fara med meg til Ramot i Gilead?» Han svara honom: «Eg som du, og mitt folk som ditt folk, me vil vera med deg i striden.»
Psalms 15:4Svivyrdeleg er i hans augo den gudlause, men han ærar deim som ottast Herren. Sver han til sin eigen skade, so bryt han då aldri sin eid.
Ezekiel 17:18Han svivyrde eiden då han braut pakti, og sjå, han hadde gjeve handtak på det, og alt dette hev han gjort; sleppa undan skal han ikkje.
2 Corinthians 6:16Og kva semja hev Guds tempel med avgudar? For me er den livande Guds tempel, som Gud sagde: «Eg vil bu og ferdast millom deim, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.»