Krønikebøkene 17:11
Nokre av filistarane førde gåvor til Josafat, og sylv til skatt, og arabarane og førde småfe til honom, sju tusund og sju hundrad verar og sju tusund sju hundrad bukkar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Samuel 8:2So vann han yver moabitarne; deim mælte han med ei snor, det vil segja: han let deim leggja seg ned på marki, og mælte med tvo snorlengder deim som skulde lata livet, og med ei snorlengd deim som skulde liva. Moabitarne vart David undergjevne og laut leggja skatt.
2 Kings 3:4Moabs-kongen Mesa åtte so mykje fe. I skatt til Israels-kongen hadde han svara hundrad tusund lamb og ulli av hundrad tusund verar.
2 Chronicles 9:24Og kvar av deim hadde med seg ei gåva; det var ymse ting av sylv eller gull, klæde, våpn, kryddor, hestar, muldyr, år etter år.
2 Chronicles 26:8Ammonitarne svara skatt til Uzzia, og gjetordet um honom nådde til Egyptarland; for han vart overlag megtig.