Krønikebøkene 18:31
Då no hovdingarne fekk stridsvognerne fekk auga på Josafat, tenkte dei: «Det er visseleg Israels-kongen!» Og dei kringsette honom og vilde strida. Men Josafat sette i eit høgt rop, og Herren frelste honom; for Gud vende dei burt ifrå honom.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 14:10Farao kom næmare og næmare, og då Israels-folket skulde sjå til, då såg dei egyptarane kom setjande etter deim. Då vart Israels-folket fælande rædde, og ropa til Herren.
2 Chronicles 13:14Då no Juda-mennerne snudde seg rundt, og såg at åtaket truga deim både framantil og attantil, då ropa deim til Herren; men prestarne bles i lurarne.
2 Chronicles 26:7Gud hjelpte honom mot filistarane og mot dei arabarane som bur i Gur-Ba’al og mot me’unitarne.
Ezra 7:27Pris vere Herren, Gud åt federne våre, at han gav kongen slikt i hugen, til å pryda Herrens hus i Jerusalem,
Psalms 34:7Her er ein arming som ropa, og Herren høyrde og frelste honom frå alle hans trengslor.
Psalms 46:11«Haldt upp og kjenn at eg er Gud! Eg er upphøgd millom folki, upphøgd på jordi.» Herren, allhers drott, er med oss; Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.