Krønikebøkene 19:7
Difor skal otte for Herren vera yver dykk! Ver varsame med det som de gjer! for hjå Herren, vår Gud, finst det ingen urett, ikkje gjer han skil på folk, og ikkje tek han mutor.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 42:18Og tridje dagen sagde Josef med deim: «Gjer no som eg segjer, so skal de få liva! Eg hev age for Gud!
Exodus 18:25Han kåra ut dugande menner av heile Israel, og sette deim til hovdingar og domsmenner yver folket, sume yver tusund, og sume yver hundrad, og sume yver femti, og sume yver ti.
Deuteronomy 10:17For Herren, dykkar Gud, han er Gud yver alle gudar og Herre yver alle herrar, den store, velduge, agelege Gud! Han gjer ikkje mannemun, og tek ikkje mutor;
Deuteronomy 32:4Eit fjell er han, stød i si framferd; for rett fylgjer alle hans fet - ein trufast Gud og truverdig; rettferdig og rettvis er han.
Nehemiah 5:15Dei fyrre jarlarne, fyre min tid, tyngde på folket, og tok brød og vin av deim til yver fyrti lodd sylv. Jamvel drengjerne deira spela meister yver folket. Av age for Gud for ikkje eg åt soleis.
Job 13:10Han skal so visst dykk straffa strengt, um de slik mismunn gjer i løynd.