Krønikebøkene 20:12
Vår Gud, vil du då ikkje halda dom yver deim? for hjå oss er det ingi kraft imot denne velduge hopen, som kastar seg yver oss, og me veit ikkje kva me skal gjera, men vender augo våre imot deg.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
13Og heile Juda stod framfor Herrens åsyn, ja, småborni og konorne og sønerne deira var med.
Cross References
Deuteronomy 32:36Sine tenarar tykkjer Gud synd um, og tek deira sak i si hand, når han ser det er ende på magti og ute med gamall og ung.
1 Samuel 3:13Eg hev kunngjort for honom at eg vil døma ætti hans til æveleg tid, for den misgjerning som han visste um, at sønerne hans drog forbanning yver seg, og likevel aga han deim ikkje.
2 Samuel 14:11Ho sagde: «Kom i hug Herren, din Gud, konge, so blodhemnaren ikkje skal auka ulukka og rydja son min or vegen.» Då sagde han: «So sant Herren liver, ikkje eit hår skal verta skadt på hovudet åt son din!»
2 Kings 6:15Då tenaren åt gudsmannen reis upp og gjekk ut tidleg næste morgon, fekk han sjå ein herstyrke med hestar og vogner lægra kring byen. Drengen sagde då til honom: «Ai, ei, herre! Kva skal me gjera?»
Psalms 7:8Og lat ei samling av folkeslag standa rundt ikring deg, og far upp att yver deim til det høge!
Psalms 25:15Mine augo er stendigt vende til Herren, for han dreg mine føter ut or garnet.