Krønikebøkene 20:9
«Um det kjem nokor ulukka yver oss, sverd, straffedom, farsott eller hungersnaud, då vil me stella oss upp framanfor dette huset for di åsyn, for namnet ditt bur i dette huset; og me vil ropa til deg i naudi vår, og so vil du høyra og hjelpa.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
8Og dei busette seg i det og bygde deg ein heilagdom der for ditt namn, med di dei og sagde:
Cross References
Exodus 23:21Tak deg i vare for honom, og lyd etter ordi hans! Set dykk ikkje upp imot honom! For han vil ikkje tola broti dykkar; i honom er eg sjølv.
1 Kings 8:33Når Israel, folket ditt, lid usiger mot fienden, for di dei syndar imot deg, men dei so vender um att til deg og vedkjennest ditt namn og bed og tiggar deg um nåde i dette huset,
2 Chronicles 6:5«Frå den tid då eg henta folket mitt ut or Egyptarland, hev eg ikkje valt ut nokon by av Israels ætter til å byggja eit hus i som namnet mitt kunde bu i, og eg hev ikkje kåra nokon mann til å vera styrar yver Israel, folket mitt;
2 Chronicles 6:28Når det kjem uår i landet, når det kjem farsott, når det kjem moldaks og rust, eller det kjem engspettor og åmor, eller fiendarne deira trengjer deim i det landet der byarne deira er, eller kva for ei plåga eller sjukdom det er,
Ezra 10:1Ezra låg på marki framfyre gudshuset og gret og bad og sanna synderne. Då samla det seg kring honom ein ovstor skare av Israels folk, karar og kvinnor og born, og folket gret sårt.
Matthew 18:20For der som tvo eller tri er samla i mitt namn, der er eg midt imillom deim.»