Krønikebøkene 22:7
Men til undergang for Ahazja hadde Gud laga det so, at han skulde koma til Joram, og når han kom, skulde han draga ut med Joram imot Jehu Nimsison, som Herren hadde salva til å øyda ut Ahabs hus.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 32:35Eg råder for hemn og for attgjeld når foten deira skrid ut. Alt lid det mot undergangsdagen, og forloga deira kjem fort.»
Judges 14:4Foreldri hans skyna ikkje at dette kom frå Herren; for han søkte eit høve til å koma innpå filistarane - den gongen rådde filistarane i Israel.
1 Kings 12:24So segjer Herren: «De skal ikkje fara upp og strida mot brørne dykkar, Israels-sønerne. Snu heim att, kvar til sitt hus! For det som hev hendt, er kome frå meg.»» Då lydde dei Herrens ord og snudde og gjekk sin veg, som Herren hadde sagt.
1 Kings 22:20Og Herren sagde: «Kven vil dåra Ahab, so han dreg upp og fell ved Ramot i Gilead?» Då sagde ein so og ein annan so.
2 Kings 9:21«Beit fyre!» sagde Joram. Dei beit fyre vogni hans. So drog Joram, Israels-kongen, ut, og Ahazja, Juda-kongen, sameleis, kvar på si vogn; dei køyrde ut til møtes med Jehu, og råka honom på odelsjordi hans Nabot frå Jizre’el.
2 Chronicles 10:15Kongen høyrde soleis ikkje på folket, for di Gud laga det soleis, so Herrens ord skulde sannast som han hadde tala til Jeroboam Nebatsson ved siloniten Ahia.