Krønikebøkene 22:9
So leita han etter Ahazja, og dei greip honom då han gøymde seg i Samaria, og leidde honom til Jehu, som let honom drepa. Like vel gravlagde dei honom; for dei kom i hug at han var son åt Josafat, som heldt seg til Herren med heile sitt hjarta. Men det var ingen att av huset åt Ahazja som var sterk nok til å taka kongedømet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Kings 13:21Og han ropa til gudsmannen som var komen frå Juda, og sagde: «So segjer Herren: «For di du hev vore motstridig mot Herrens ord og ikkje lydt det bodet som Herren, din Gud, gav deg,
2 Kings 9:27Då Ahazja, kongen i Juda, såg det, rømde han på vegen til Hagehuset. Jehu sette etter honom og ropa: «Han og! skjot honom i vogni!» Dei råka honom, med han køyrde på fjellvegen til Gur, nær attmed Jibleam. Han rakk so langt som til Megiddo; der døydde han.
2 Chronicles 17:3Og Herren var med Josafat, for han fylgde dei fyrste vegarne åt David, far sin, og heldt seg ikkje til Ba’alarne,
2 Chronicles 19:3Like vel er det funne noko godt hjå deg, for du hev øydt ut Astarte-bilæti or landet og hev lagt hugen din på å søkja Gud.»
2 Chronicles 21:17so dei drog upp imot Juda, trengde seg inn i det og rana alt det som fanst i huset åt kongen, og dertil sønerne og konorne hans, so han hadde ikkje att nokon son so nær som den yngste av sønerne, Joahaz.
2 Chronicles 22:8For då Jehu sette i verk domen yver Ahabs hus, då råka han hovdingarne i Juda og brorsønerne åt Ahazja, som gjekk Ahazja til handa, og han drap deim.