Krønikebøkene 26:18
Dei steig fram mot kong Uzzia og sagde til honom: «Du hev ingen ting med å brenna røykjelse for Herren, Uzzia, men berre prestarne, sønerne åt Aron, som er vigde til å brenna røykjelse. Gakk ut or heilagdomen, for du hev forbrote deg, og det tener ikkje til æra for deg for Herren Gud.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
17Då gjekk presten Azarja etter honom, og med honom åtteti av Herrens prestar, djerve menner.
Cross References
Exodus 28:1So skal du kalla Aron, bror din, fram or Israels-lyden, både honom og sønerne hans, og setja deim til prestar for meg, Aron, og Nadab og Abihu, og Eleazar og Itamar, sønerne hans Aron.
Numbers 16:39Og Eleazar, presten, gjorde som Moses hadde sagt honom frå Herren: han tok koparfati som dei hadde bore fram dei mennerne som brann upp, og smedarne hamra plator av deim til å klæda altaret med,
Numbers 18:7Men du og sønerne dine skal styra preste-embættet og hava umsut for alt som høyrer til altaret og for det som er innanfor forhenget, og halda gudstenesta. Dykk gjev eg prestedømet i gåva; men kjem ein framand innåt, skal han lata livet.»
1 Samuel 2:30Difor lyder ordet frå Herren, Israels Gud: «Vel hev eg sagt: Di ætt og farsætti di skal få gjera tenesta for mi åsyn alltid og æveleg.» Men no lyder Herrens ord: «Aldri i verdi! deim som ærar meg, deim vil eg æra; dei som vanvyrder meg, skal verta til skammar.
2 Chronicles 19:2Men då gjekk sjåaren Jehu Hananison ut imot honom og sagde til kong Josafat: «Skal ein hjelpa den gudlause, og elskar du deim som hatar Herren? For dette kviler det vreide på deg ifrå Herren.
Jeremiah 13:18Seg med kongen og til kongsmori: Set dykk lågt ned! for den prydelege kruna er falli av dykkar hovud.