Krønikebøkene 28:6
Pekah, son åt Remalja, drap hundrad og tjuge tusund mann på ein dag i Juda, og det berre stridsføre folk, av di dei hadde svike Herren, sin fedregud.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 28:15Men vil du ikkje høyra på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du’kje alle bodi og loverne hans, deim som eg legg fram for deg i dag, skal det ganga deg so at kvar våbøn eg nemner, skal nå deg og taka deg att:
Deuteronomy 29:24då kjem dei til å spyrja, alle kjem til å spyrja: «Kvi hev Herren fare soleis åt med dette landet? Kva var det som valda denne svære vreideselden?»
Deuteronomy 32:20og i sin harm sagde han dette: «Eg skal løyna mitt andlit for deim; eg undrast korleis det vil ganga, undrast kva ende dei fær; for dei er ei ætt av uvyrdor, born som ein aldri kann tru.
Joshua 24:20Fell de frå Herren og tener framande gudar, då kjem han til å taka ei onnor leid, og lata det ganga dykk ille og gjera ende på dykk, kor mykje godt han fyrr hev gjort dykk.»
2 Kings 15:37Ved den tid tok Herren til å senda syrerkongen Resin og Pekah Remaljason inn i Juda.
2 Chronicles 13:17Og Abia og folket hans gjorde stort tjon på deim, so det fall fem hundrad tusund stridsmenner av Israel.