Krønikebøkene 29:6
For federne våre hev vore utrugne og hev gjort det som vondt var for augo åt Herren, vår Gud; dei hev gjenge burt ifrå honom, hev vendt si åsyn burt ifrå Herrens hus og snutt ryggen til det.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 28:2men han gjekk på vegen åt Israels-kongarne, og han laga jamvel støypte bilæte for Ba’als-gudarne.
2 Chronicles 34:21«Gakk og spør Herren for meg og for deim som er att i Juda og Israel um det som stend i denne boki som er funni. Stor er Herrens harm, som er utrend yver oss, av di federne våre ikkje hev lydt Herrens ord og gjort etter alt det som stend skrive i denne boki.»
Ezra 9:7Frå den tid federne våre livde og alt til no hev me vore i stor skuld. For misgjerningarne våre hev me, med kongarne og prestarne våre, vorte gjevne i henderne på framande kongar, til sverd og til utlægd, til plundring og skam, som det syner seg no i dag.
Nehemiah 9:32Og no, vår Gud, du store, velduge, skræmelege Gud, du som held pakti og held uppe miskunni, no må du ikkje tykkja det er lite alt det vonde me hev lote lida, me og kongarne våre, hovdingarne, prestarne og profetarne våre, federne våre og heile folket ditt, frå assyrarkongarne si tid og alt til i dag.
Jeremiah 2:13For tvo illverk hev mitt folk gjort: dei vende seg frå meg, kjelda med livande vatn, og grov seg brunnar, leke brunnar som ikkje held vatn.
Jeremiah 2:27dei som segjer til treet: «Du er min far,» og til steinen: «Du hev født meg;» for dei hev snutt ryggen til meg og ikkje andlitet. Men når dei er i naud, då ropar dei: «Ris upp og hjelp oss!»